SØLVI_ONA_GJUL.jpg
  • Facebook Social Icon

Sølvi Ona Gjul

Pensjonist, tidl. utdanningsdirektør

67 år

Rennesøy

- Jobben min har i alle år handla om barn og unge, og ofte om barn og unge med særlege behov.

Sølvi vart pensjonist i 2018. Ho har jobba i og med skole i 45 år, dei siste åra som utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland. Her hadde ho ansvar for Fylkesmannen sine oppgåver knytte til barnehage, grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring.

 

Før Sølvi vart utdanningsdirektør, var ho aktiv i lokalpolitisk arbeid i Rennesøy i om lag 20 år, både som folkevald og med verv i Arbeidarpartiet. 

 

For Sølvi har jobben alltid vore viktig – den har i alle år handla om barn og unge, og ofte om barn og unge med særlege behov. Ho er glad i å synge, og er med i Mastrakoret. For henne gir det å synge i kor energi og glede!  

Gode oppvekstkår for alle er ei kjernesak for henne. Barnehage og skole er sentrale element i utviklinga av inkluderande og demokratiske samfunn. Å delta i desse fellesarenaene gjer at vi kan byggje tillit til kvarandre, og tillit er ein grunnleggjande verdi i den samfunnsmodellen vi har utvikla hos oss. 

 

Ho vil leggje til rette for gode arbeidsplassar og tenlege rammevilkår for næringslivet. Rettferdig fordeling og omfordeling i samfunnet er grunnleggjande for partiet vårt – kvar skal yte etter evne og få etter behov! Som rennesøybu er ho sjølvsagt også opptatt av at tenestetilbodet i dei to nye bydelane i Stavanger ikkje blir svekka ved samanslåinga.

Arbeiderpartiet_rosesymbol_hvit_RGB.png

Stavanger Arbeiderparti

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Hold deg oppdatert!

Tel. 941 47 049

Breitorget,
4006 Stavanger

© Stavanger Arbeiderparti